Å etablere og drive skule i Tørdal med eit fagleg pedagogisk alternativ for barn i grunnskulen opp til 7. klasse. Pedagogikken skal vere basert på læreprinsippa etter Maria Montessori. Selskapet er ei ikkje-kommersiell verksemd, som skal sørgje for at skulen blir drive etter Læreplan for Montessoriskolen og i tråd med privatskolelova og opplæringslova. Det blir ikkje utbetalt utbytte til skulen sine eigarar. Alle offentlege tilskot og skulepengar skal komme elevane til gode jf. Privatskolelova §6-3. Selskapet skal vidareføre tradisjonen med skuledrift i Tørdal og vere ein ressurs i nærmiljøet. Skulen skal gjere seg nytte av lokale kultur- og narturressurser på ein måte som kjem elevane til gode. Skulen skal som tilleggsverksemd drive skulefritidsordning dersom styret finn det hensiktsmessig.
Se alle hendelser i Drangedal kommuneStyre
Ikke registrert